I medhald av plan- og bygningslovas § 12 – 8  blir det varsla oppstart av planarbeid for detaljregulering av Hovden vassverk, planID 201905, gnr./bnr. 2/304 og delar av 2/1. Planutvalet godkjente igangsetjing av planarbeidet den 11.11.19, sak 145/19.

Tiltakshavar er Bykle kommune. Planområdet er i dag brukt til kommunalt vassbehandlingsanlegg. Området som no blir varsla, vil vere ein liten utviding av dagens bruk av arealet.

Føremålet med reguleringsarbeidet er å legge til rette for nytt kommunalt vassbehandlingsanlegg på Hovden aust, ved dagens anlegg. Anlegget skal oppfylle Mattilsynets krav til barrierar og tryggleik, samt kommunens kapasitetsbehov.

Planområdet er på om lag 23 daa og er i kommuneplanens arealdel sett av til offentleg tenesteyting og LNF. Delar av arealet ligg innanfor reguleringsplan for Hovden aust, planID 200509, og er regulert til vatn- og avlaupsanlegg, samt skiløype. Planområdet er hovudsakleg i tråd med overordna plan på staden, med unntak av det utvida arealet. Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing.

Det vert ikkje ny nabovarsling i byggjesak, dersom planen blir detaljert nok til å nytte adgangen i pbl § 21 – 3 femte ledd: Det kreves ikke nabovarsel som nevnt i første ledd når tiltaket er i samsvar med reguleringsplan som er så detaljert at naboer og gjenboere kunne vurdere konsekvensene av tiltaket opp mot sine interesser ved planbehandlingen, og naboer og gjenboere ble varslet i samsvar med § 12-10 tredje ledd. Er det mer enn 5 år siden naboer og gjenboere fikk slikt varsel, gjelder ikke unntaket fra nabovarsling.


Merknader til varsel om oppstart kan sendast til Bykle kommune, innan 26.04.2020. Adresse: Sarvsvegen 14, 4754 Bykle. E-post: postmottak@bykle.kommune.no