På kysten kan det kome mellom 10-20 cm snø, i indre Agder kan det bli snakk om så mykje som opp mot 40 cm! På kysten blir snøen også våt og tung, og det er frykt for både trefall og ikkje minst krevjande forhold på vegane.
Skredfare
Dei store nedbørsmengdene fører også til auka skredfare i li og hei. I Bykle og Valle er det oransje farevarsel desse dagane. Det betyr betydeleg skredfare, så som alltid må ein passe på viss ein ferdast ute i naturen!
På Varsom.no kan ein halde seg oppdatert på skredfare. HER kjem du inn.