INNLEIING

I medhald av §§ 12-8 og 12-3 i Plan- og bygningslova, og etter oppdrag frå PS-invest AS, varslar vi at det

skal setjast igong endring av detaljreguleringsplan på del av g. nr. 3 b.nr. 517. Planområdet er identisk

med avgrensinga i vedtatt plan, B13 i Midtregionplanen, vedtatt i 2011, planID 2010005. I ny Kp er

området gjeven signaturen BFR20.
 

Planområdet er avgrensa som vist i vedlagte kart. I ny Kommuneplan er arealet avsett til hytteføremål.

 

FØREMÅLET MED PLANARBEIDET er å leggje til rette for ei vidareutvikling av arealet 3/517 med sikte på å

vurdere ny tomtestruktur i eksisterande plan, vurdere innpassing av nye tomter og stramme opp

grønnstrukturen.

 

PÅTENKTE REGULERINGSFØREMÅL

Aktuelle reguleringsføremål i området vil bl.a. vere område for fritidsbusetnad, samferdselsanlegg,

grønstruktur og LNFR. Det vil verte lagt opp til mindre tomter, i underkant av 1 da, og småskala

hyttebygging.

 

FORHOLD TIL KOMMUNEPLANENS AREALDEL m.v

Kommuneplanen vart rullert i 2018 og detaljplanarbeidet vil vere i tråd med kommuneplanens areal.

 

UTBYGGINGSAVTALE

På same tid vert det, i samråd med Bykle kommune, varsla at det vert starta arbeid med forhandling av

Utbyggingsavtale, jfr. Pbl § 17-4, for gjennomføring av tiltak i delar av planområdet. Avtalen gjeld mellom

Bykle kommune og grunneigar av 3/517. Avtalen skal regulere tilhøve omkring utbygginga i planområdet.

 

FRAMDRIFT

Planarbeidet startar april 2020 og planforslaget vil verte ferdigstilt i 3. kvartal 2020. Det er halde oppstartsmøte

med kommunens planavdeling, som tilrår detaljplanlegging, jfr. vedl. ref.

 

INNSPEL – ytterlegare informasjon

Har du innspel eller opplysningar som kan ha innverknad på planutforminga og innhaldet i Utbyggingsavtale

ber vi deg kome med kommentarar/innspel til Plankontoret Hallvard Homme AS, Pb. 95, 4747 Valle

innan 16. mai 2020. Ved e-post: post@plankontoret.no

For nærare informasjon kontakt Hallvard på tlf 379 37000/959 37 000.