Vedtekne i kommunestyremøte: 27.05.21

 

§ 1. Eigartilhøve, drift og forvaltning:

  • Bykle kommune eig og driv barnehagane i Bykle, dvs. Bykle barnehage og Fjellgardane barnehage.
  • Barnehagane i Bykle skal drivast i samsvar med «Lov om barnehager», forskrifter og retningsliner fastsett av Kunnskapsdepartementet, Barnehagepolitisk plan for Bykle kommune, Vedtekter for barnehagane i Bykle, andre kommunevedtak og barnehagane sine årsplanar.
  • Kommunedirektøren er det kommunale forvaltningsorganet for all barnehageverksemd i Bykle.
  • Kvar barnehage har plass til tre avdelingar; ei avdeling for barn opp til 3 år med plass til 9 barn og to avdelingar for barn frå 3 år med plass til 18 barn i kvar avdeling, tilsaman 45 barn.
  • Leike- og opphaldsarealet er 5,5m2 for barn under 3 år og 4,5m2 for barn over 3 år. Leikeområdet ute skal vere minst seks gonger så stort.
  • Samarbeidsutvalet ved barnehagen har to medlemer frå dei tilsette, to frå dei føresette og to valde av kommunestyret. Styrar er sekretær for samarbeidsutvalet, men har ikkje stemmerett.
 

§ 2. Føremål og innhald:

Barnehagen sitt føremål er i samsvar med § 1 i barnehagelova:
  • Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnet sitt behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.
  • Barna skal utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggjande kunnskapar og dugleikar. Dei skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetnader.
  • Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt og anerkjenne barndomen sin eigenverd. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring og vere ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og venskap. Barnehagen skal fremje demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.
  • Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd. Rammeplanen for barnehagar gir retningsliner for barnehagen sitt innhald og oppgåver.
  • Alle barn skal oppleve å ha eit trygt og godt barnehagemiljø. Om eit barn opplever å bli krenka eller mobba, skal barnehagen handtere det, stoppe det og sette i verk tiltak etter faste rutiner. 
 

§ 3. Opptaksreglementet:

  • Opptak vert føreteke av kommunedirektøren. Ved klage er kommunedirektøren underinstans og det organet som er klagenemnd i kommunen er klageinstans.
  • Barnehagane har hovudopptak til nytt barnehageår med søknadsfrist 1. mars, men tek inn barn heile året utanom juli månad og fram til oppstart av nytt barnehageår, dvs. dato for skulestart i august.
  • Barnehagane gjev eit heildagstilbod på inntil 8,5 timar pr. dag. Alternative storleikar på plass er 60%, 80% og 100%. Minste opptakstid er ein månad.
  • Søknad om opptak skal skrivast på fastsett elektronisk skjema på Bykle kommune si heimeside. 
 
Prioriteringsrekkjefølgje ved opptak:
  1. Barn med nedsett funksjonsevne og det ligg føre tilråding frå sakkunnig instans.
  2. Barn som grunna sosiale tilhøve treng barnehageplass og det ligg føre tilråding frå sakkunnig instans.
  3. For å sikre stabil drift skal førskulelærarane sine barn prioriterast. Dersom ein av dei føresette er heimeverande stiller barn av førskulelærarar likt med andre barn.
  4. Barn av einslege føresette som er yrkesaktive eller i utdanning.
  5. Barn som bur avsides og ikkje har nokon å leike med.
  6. Barn til føresette der begge er yrkesaktive.
  7. Andre barn som er registrerte i folkeregisteret i Bykle kommune.
  8. Barn som ikkje er registrerte i folkeregisteret i Bykle kommune, men har føresette som har jobb i Bykle. Kommunen der barnet er folkeregistrert skal betale vanleg gjesteelevsats til Bykle kommune.
 

§ 4. Barnehageåret og opningstider:

  • Barnehageåret er frå og med dato for skulestart i august fram til dato for skulestart for elevane året etter.
  • Barnehagane er opne 5 dagar i veka (måndag – fredag) bortsett frå heilagdagar, jol- og nyttårsaftan, offentlege fridagar og 5 planleggingsdagar i barnehageåret. Onsdag før skjertorsdag stenger barnehagane kl. 12.00.
  • Barnehagane held ope i romjola og påskeveka (måndag til onsdag), dersom 3 barn eller fleire har stadfesta at dei treng tilbodet.
  • Fjellgardane barnehage har opningstid kl. 07.30 – 16.30 og Bykle barnehage har normalt opningtid 07.30 – 16.00. Men ved dokumentert behov på grunnlag av føresette sin faste arbeidssituasjon endrar Bykle barnehage opningstida til 06.45 - 16.00.
  • Barnehagane har feriestengt dei to siste heile vekene i juli.
  • Barnet skal ha 4 veker ferie i løpet av året. 3 veker skal vere samanhengande. Dei 5 planleggingsdagane barnehagane har i løpet av året kan utgjere den 4. ferieveka for barnet. Ferien skal vere tidfesta innan 1. mai. 
 

§ 5. Betalingsreglement, endring, oppseiing av plassen:

  • Kommunestyret fastset barnehagesatsane, matpengar og søskenmoderasjon gjeldande frå 1. januar. Betalinga for eit barnehageår vert delt over 10 månader.  For juni betaler ein for påmeldte dagar i feriar, og juli er betalingsfri.
  • Fristen for å endre eller seie opp barnehageplassen er ein månad rekna frå den 1. i komande månad.
  • Ved manglande betaling vil føresette etter 3 månader miste plassen til barnet.
  • Barn som lir av ein alvorleg sjukdom og som gjer at barnet ikkje kan nytte plassen i barnehagen, kan innvilgast fritak for betaling frå første dag i etterfølgjande månad som barnet vert teke ut av barnehagen. Det må liggje føre tilråding frå lege. Dersom sjukdomen gjer at barnet kan vere i barnehagen i periodar, vert det utrekna ein dagspris tilsvarande 1/25 av den faste månadsprisen.
  • Det vert ikkje gjeve fritak for betaling om barnet vert teke ut av barnehagen på grunn av ferie eller opphald andre stader. Ved lengre fråver må foreldre heller vurdere å seie opp plassen.
 

§ 6 Forsikring:

  • Barna er ulykkesforsikra i barnehagetida og på vegen til og frå barnehagen.