Bykle kommune har stor pågang frå hyttefolk med spørsmål om tilsyn av hytter, måking av tak mv. Vi har forståing for behovet for dette, samstundes som vi syner til «Hytteforskrifta», og vår klåre forventing til at hytter ikkje blir nytta til fritidsbruk no.

Kommunen har i dag etablert ei avtale med vekter/vaktselskap; Agder sikkerhet AS, som vil patruljere i hytteområda i kommunen.  Dei vil ivareta kommunen sitt behov for å følgje med på ev opphald i hytter. Dei vil og kunne observere ev forhold som kan meldast til hytteeigarar.

Kommunen understrekar at ein ikkje påtek seg ansvar for ev skader som ikkje blir observert/ meddelt eigarar, men håper at  ev. meldingar kan danne grunnlag for eigar i høve å iverksette naudsynte sikringstiltak eller anna.

Kommunen er og i gang med å innhente oversikt over verksemder lokalt som ev kan ta på seg oppdrag med måking av hyttetak osb. Kontakt info til desse vil bli lagt ut så snart vi kan.

Dersom de likevel vurderer å måtte opp for å sjå til hytta og utføre praktiske oppgåver, oppmodar vi til at dette blir gjort så raskt som mogleg, og at opphaldet blir så kort som mogleg.

Dersom det kjem innskjerpingar i høve «Hytteforskrifta» vil desse venteleg tre i kraft med umiddelbar verknad.  Dette til info.