Tema for 2018 er Vær raus - ei oppmoding om å syne rausheit i kvardagen. Rausheit handlar om å gjeve noko utan å forvente å få noko tilbake. Det dreier seg om å akseptere at vi er ulike, at vi ikkje er perfekte, og om å gjeve rom for ulikskap. Å være raus med seg sjølv og med andre kan bidrege til god psykisk helse.

For meir informasjon: http://www.verdensdagen.no/

I samband med verdensdagen vert det arrangert fylgjande aktiviteter i Bykle kommune:

 

Måndag 8.oktober -  Fysisk helse er også Psykisk helse!

Tur med Grete Breivik til gapahuken ved Juvet på Hovden

Møt opp ved dagparkering sør kl. 17:00, derifrå går turen opp til gapahuken ved Juvet. Der blir det fyr i bålpanna, og alle kan ta med seg det dei vil ete og drikke.

Vel møtt!

 

Onsdag 10.oktober - Verdensdagen for psykisk helse

Kl. 18:00 i Bykle Samfunnshus

Elevar frå ungdomskulen underheld og psykolog Silje N. Rygnestad snakkar om korleis ein tek vare på den psykiske helsa. Det vert og framsyning av kortfilmen Vær raus.

Servering av kaffi og kake!