For å hindre potensiell smitte med det nye koronaviruset er det viktig at arbeidsgjevarar gjennomfører risikovurdering av mogleg smittefare. Det er særleg viktig på arbeidsplassar der ein er i kontakt med mange menneskje. Arbeidstilsynet har lagt ut informasjon om korleis arbeidsgjevarar bør arbeide med risikovurderingar, sjå her: https://www.arbeidstilsynet.no/tema/biologiske-faktorer/coronavirus-tiltak-i-arbeidslivet-mot-smitte/ Som arbeidsgjevar  må du tenkje gjennom risikoen og planlegge tiltak om dei tilsette kan kome i kontakt med smitta på arbeidsplassen eller sjøv utgjere ei smittefare. Vurderingane må omfatte både tilsette og ev innleigd personale som kan kome i ein smittesituasjon. 

Eksempler på risikofaktorer i forbindelse med koronaviruset:

  • Arbeidstakarar i risikogrupper
  • Nærkontakt med kollegaer eller kunder/publikum (mindre enn 2 meter)
  • Manglande tilgang til handvask med såpe eller spritbaserte hånddesinfeksjonsmiddel
  • Manglande tilgang til nødvendig smittevernutstyr, f.eks. hansker, P3-masker, visir/tette vernebriller
  • Manglande opplæring for dei tilsette
  • Reiseverksemd

Arbeidsgjevar skal iverksette tiltak for å hindre smittespreiing i verksemda. Eigen bedriftshelseteneste kan ev, kontaktes for hjelp med risikovurdering og planlegging av tiltak.