Kommunestyret i Bykle har i dag, 17.april 2020 fatta vedtak om å tilpassing av lokale restriksjonar til nasjonale føringar/forskrifter og bransjenormer når det gjeld korona-epidemien.

Bykle kommune vedtok at ein vil ha som hovudprinsipp at restriksjonane skal basere seg friviljugheit og samarbeid. Der det ikkje ligg føre nasjonale godkjente bransjenormer oppmodar kommunen verksemdene til utarbeide eigen risikovurdering og tiltaksplan sin ivaretek både tilsette og kundar/gjester sin tryggleik. Det inneber at verksemder som hotell og overnattingsverksemder og andre verksemder venteleg vil opne att, og at dei set i verk eigne smitteverntiltak for å sikre tilsette og kundar. Serveringsstader er spesifikt regulert gjennom Covid-19-forskrifta. Hovden alpinsenter har utarbeidd ein plan for tilpassa drift, som vart førelagt kommunestyret i dag, og vil no ha ei tilpassa opning.

Kommune vil framover sjå til at verksemder har forsvarleg drift, drive aktiv situasjonsoppfølging og tilsyn med at tiltak blir sett i verk og overhalde av dei som er ansvarlege. Kriseleiinga vil også framover vere aktive, gi gode råd og opplyse der det er trong for det. Ev. brot på tilliten, og tilhøve som representerer smittevernmedisinsk fare, vil bli følgd opp med pålegg/stenging dersom det er påkravd. Dersom koronasituasjonen endrar seg vesentleg vil kommunen måtte vurdere restriksjonsnivået på nytt.

Det nasjonale hytteforbodet gjeld fram til 20.april. Det nasjonale reiserådet om å avgrense unødvendige fritidsreiser står ved lag.  I sum reknar vi med avgrensa tilstrømming av gjester, at vi fortsatt skal kunne ha oversiktleg smittevernbilete, og tilstrekkeleg helseberedskap for både faste innbyggjarar og besøkande framover.

Bykle kommune ønskjer å takke alle som kvar og ein bidreg til at smittesituasjonen lokalt er trygg.

Vi rettar og honnør til hytte-Byklarar for forståinga de har synt i høve det nasjonale hytteforbodet, til lokalt næringsliv som har møtt restriksjonane med forståing og i stor grad bering av tiltaksbyrden. Takk og til alle tilsette som står på dag etter dag for å gje m.a. barn, unge og eldre tilpassa tenester i ei særs krevjande tid.

Kommunen minner alle om generelle koronaråd for smittehygiene.

Vi oppmodar alle til mest mogleg friskliv og friluftsliv i den flotte naturen vi har på alle kantar. Ettervinter med løyper og godt skiføre kan framleis nytast - med god avstand mellom folk.

Så ser vi alle fram til at lokalsamfunnet gradvis opnar opp att og går over til ein kontrollert normalisering av nærings-, samfunns- og kvardagsliv.

God helg!