Prøvesvara frå koronatestinga i helga ligg no føre. Alle 8 testa heldigvis negativt. Smittesporingsteamet held likevel fram arbeidet med å finne ut kvar smitta kom i frå. Kriseleiinga har i kveld, 30.august,  konkludert med at både helse og pleie- og omsorg kan gå frå raudt til gult beredskapsnivå frå i dag kl. 19. Det betyr at alle einingar i kommunen held gult beredskapsnivå fram til anna er bestemt.