Som ein forstår av tittelen på prosjektet, er bakteppet vikingtid og villrein. Ein ser også på jernutvinninga i vikingtida og mellomalderen som eit sentralt tema, i tillegg til den UNESCO-lista kulturarven i Setesdal med folkemusikk, stev og dans. Bak prosjektet står Hovden Næringsforening som prosjekteigar, Destinasjon Hovden som prosjektleiar og Bykle kommune er altså samarbeidspartner. Prosjektet søker også samarbeid med privatpersonar, lag og foreningar, næringsliv og andre gjennom samlingar og aktivitetar gjennom året.

Meir informasjon

Arrangementet i Lislestog er for alle som ynskjer meir info om prosjektet Viking & Villein. I tillegg ynskjer ein å samle folk som kunne tenkt seg å få demonstrert eldgamle handverksteknikkar. Karin Bøe skal vise nålebindingsteknikk (dei som vil kan få prøve seg), og Ellen Jansen viser arbeidet sitt med tinntråd, skinn og reinsdyrgevir – som blir til dekorative armband.