Agder vikinglag kjem, og dei skal skipe til aktivitetar som pil og boge, smiing og vikingleik. Setesdalsmuseet, Agder fylkeskommune, Bykle kommune og privatpersonar bidreg elles til arrangementet.

Barneløp

I løpet av laurdagen kan ein få med seg alt frå eventyrstund og musikkstund til lasskosasting. Så kan ein prøve å ta Villreinsertifikatet, smake mat frå kokegrop og jamnt over oppleve ein dag i vikingetida! Klokka 11 går det også eit barneløp frå Hovden sentrum i regi av Hovden Aktiv. Alle born som deltar får gratis aktivitetsband til marknaden.

Marknad

Mange kjøpmenn kjem for å vere med. Puter, handsmidde produkt, lefser, saft, husflid, lista er lang. Kim Rysstad og Trym Bjønnes held konsert, og etter marknaden blir det vikingmiddag for den som vil det. Då må ein tinge bord på The Village Hovden. Ein innhaldsrik dag i vente for store og små med andre ord, og noko å sjå fram til i det litt grå haustveret!

Meir info om arrangementet finn du HER