- Det var noko få søkjarar, og då eit par av dei trekte seg bestemte me oss for å lyse ut stillinga på ny. Me ynskjer oss eit så breitt utgangspunkt som råd for tilsettinga, seier leiar kultur og fritid i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Treårig prosjekt

Stillinga som interkommunal kulturskulelærar i folkemusikk er eit treårig prosjekt der dei tre kommunane går saman om finansieringa, og der Valle er vertskommune. Så er nok sjansen stor for at stillinga etter prosjektperioden blir permanent. Utgangspunktet er at det skal tilsettast ein person i heiltid, men det kan også bli snakk om å dele stillinga på to personar. Også det oppstarta Gorrlaus-prosjektet blir vidareført. Bakgrunnen for satsinga er Unesco-statusen tradisjonsmusikken og dansen frå Setesdal har fått. Ein slik status betyr lokalt ansvar for å verne om, formidle og vidareføre kulturarven. I tett samarbeid med Setesdal Spelemannslag er stillinga eitt av fleire grep som skal sikre dette.

Hovudvirke i kulturskulane

Stillinga skal ha sitt hovudvirke i kulturskulane i dei tre kommunane, men rekrutteringsarbeid er også ein viktig del av satsiinga. Av arbeidsoppgåver kan ein nemne mellom anna undervisning i folkemusikk, munnharpe, kveding, hardingfele og dans, kursverksemd, rekrutteringsarbeid i barnehagar og skular, kulturformidling og samarbeid med opplæringsprosjektet Gorrlaus, for å nemne litt av det stillinga inneheld.

Søknadsfristen er sett til 9. april.