Årets kulturprisvinnar har dei siste åra vore ein gjengangar i nominasjonslistene. Vinnaren har vorte nominert for si innsats for folkehelsa og frivilligheita i Bykle gjennom dei siste 20 åra. Det starta med tilbod om aerobic, etterkvart kom styrketrening og spinning til. To gonger i veka har vinnaren sørgja for eit aktivitetstilbod med låg terskel for deltaking, i tillegg til ein sosial møteplass - uavhengig av alder og tidlegare treningserfaring og fysisk form. 

Fysisk aktivitet har mykje å seie for både fysisk og mental helse for den enkelte, og medfører i neste omgang store samfunnsøkonomiske gevinstar som følgje av ei sprekare og friskare befolkning. Vinnaren har i så måte sørgja for eit formidabelt bidrag til folkehelsa i Bykle i ei årrekke, og fortener heider og ære for det. Vinnaren er Ingebjørg Dyrland!