Dagsenter på Bykle bygdeheim kvar onsdag
Kvar onsdag samlar bebuarar og gjester elles seg til dagsenter på Bykle bygdeheim.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 22.04.2024 12:50
Sist endra 22.04.2024 12:50
Det er dagsenter på Bykle bygdeheim kvar onsdag.
Ole Birger Lien
Der går røa friskt rundt og mellom borda, på samankomstane så mange koser seg med. Ein kan få kjøpt seg lunch, middag og kaffi til ein billeg penge, det er lunch klokka 11.30 og middag klokka 14.30.
Skyss
For den som treng skyss, eller vil tinge mat, er det tlf 46841051 ein må ringe. Så er det lurt å seie frå i god tid.