Frå 17. juni får rådhuset nye opningstider for publikum: måndag til fredag kl. 09:00-14:00

Dei som ynskjer avtale med sakshandsamar utanom opningstidene må avtale dette direkte med sakshandsamar. Bykle kommune oppmodar generelt om at det alltid blir gjort avtale med sakshandsamar før oppmøte på rådhuset.

I samband med endringa vert det etablert nytt informasjons- og servicetorg. Informasjons- og servicetorget skal være 1. lina ut mot innbyggjarane og besøkande, men og yte tenester til dei tilsette og dei ulike einingane og tenestene i kommunen. Informasjons- og servicetorget og kommunens  sentralbord vil frå 17. juni vere ope: måndag til fredag kl. 09:00-14:00

Informasjons- og servicetorget får nye publikumsretta tenester og tilbod frå hausten. Nærare informasjon om dette kjem etter sommarferien.