Kommunestyremøte i Bykle torsdag 25. april

Kommunestyret i Bykle samlar seg på rådhuset torsdag 25. april klokka 17.00.

Det er kommunestyremøte i Bykle torsdag 25. april. Her frå møtet i januar i år. - Klikk for stort bileteDet er kommunestyremøte i Bykle torsdag 25. april. Her frå møtet i januar i år.

Før kommunestyret set i gang med sakshandsaming og drøftingar er det to orienteringar. Statsforvaltaren kjem på besøk, og skal greie ut om sine roller og oppgåver. I tillegg kjem det ei orientering frå Hovden skigymnas.

Frå dammar til strategiar

Frå sakslista til torsdagskvelden kan ein mellom anna nemnde dam Botsvatn, der ein skal drøfte dispensasjon frå kommuneplanen. Dei folkevalde må ta stilling til ny arbeidsgjevarstrategi for Bykle kommune fram mot 2030, og samarbeidsavtale med Nullvisjonen Agder kjem på bordet. Også uttale oppstart verneprosess Bjørnaråfjellet skal handsamast.

Blir streama

Valle radio streamer som alltid kommunestyremøtet. 

HER er lenke til overføringa.