Skuleløp for TV-aksjonen "Gi et trygt sted å sove"
Skuleløp for NRK TV-aksjonen: “Gi et trygt sted å sove”

Kvart andre sekund må eit menneske flykte på grunn av krig eller konflikt. TV-aksjonen 2026 er 18. oktober og går til NRC Flyktninghjelpen. Dei skal gi menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.
Onsdag 14. oktober arrangerte vi på Bykle barne- og ungdomsskule ei skuleløp, der pengane som kom inn skal gå til årets TV-aksjon. Skuleløpet blei arrangert i samarbeid mellom Bykle barne- og ungdomsskule, Fjellgardane skule og barnehagane i Bykle og Hovden.
Elevane og barnehageborna sprang faste runder på skuleområdet i ein heil time. Dei hadde skaffa seg sponsorar som betala, eit avtala beløp eller eit beløp for kvar runde dei sprang. Her er spleisen dei betala inn til: www.spleis.no/516931 Ønskjer du å vere med å bidra, kan du gjerne bruke spleisen vår!
Undervegs i løpet fekk deltakarane frukt, vatn og saft. Etter løpet blei det servering av pølser.
Dette blei eit skuleløp med stor aktivitet og mykje positivitet! Her kjem nokre bilete som illustrerer dette:
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Brigitte Haugen
Publisert 15.10.2026 10:34
Sist endret 15.10.2026 10:34