Bur du åleine og treng å kunne tilkalle hjelp i ein akutt situasjon? Kjenner du deg utrygg heime, eller har du lett for å falle? Då kan du søkje om tryggleiksalarm.
Kva er ein tryggleiksalarm?
Ein tryggleiksalarm kan gjere det tryggare for deg å bu i eigen heim. Du ber alarmknappen på deg, anten rundt halsen eller på handleddet. Dersom du treng hjelp, trykkjer du på knappen for å varsle kommunen. Alarmen verkar berre når du er heime.
Tryggleiksalarm er ei teneste frå Bykle kommune. Når alarmen blir utløyst, går varselet til tilsette i pleie- og omsorgstenesta. Kommunen rykkjer ut når det er behov for hjelp. Utstyret er eigd av Bykle kommune.
Ved alvorleg sjukdom eller livstruande skade skal du alltid ringje 113. Tryggleiksalarmen erstattar ikkje medisinsk naudhjelp.
Kven kan få tryggleiksalarm?
Tryggleiksalarm kan vere aktuelt for personar i alle aldrar som på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetjing eller andre forhold kan få behov for å tilkalle hjelp.
Kommunen vurderer saman med deg om tryggleiksalarm er ei teneste som passar for deg. I vurderinga ser vi mellom anna på:
- om du har ein sjukdom eller tilstand som gjer at du raskt kan få behov for hjelp
- om du har lett for å falle eller har vanskar med å bevege deg
- om du kjenner deg utrygg eller engsteleg heime
Du må sjølv ønskje alarmen og kunne forstå korleis han skal brukast.
Kva kostar det?
Du betaler vanlegvis ein fast eigendel for tryggleiksalarm. Kommunestyret fastset prisen kvart år.
Slik søkjer du
Du søkjer ved å sende inn søknadsskjemaet for pleie- og omsorgstenester. Skriv kva du treng hjelp til, og korleis du løyser behova dine i dag. Kommunen vurderer saman med deg om tryggleiksalarm eller andre tenester passar best.
Søknadsskjema for pleie og omsorgstenester
Publisert 28.07.2023 11:53
Sist endra 04.09.2026 14:29