TT skal brukast til fritidsreiser. TT skal ikkje brukast til reiser som dekkast av andre ordningar, slik som reiser til og frå lege, sjukehus, arbeid, utdanning, dagsenter eller liknande.
Formålet med TT-ordninga er å gje eit tilrettelagt kollektivtilbod til personar med funksjonsnedsetting som fyller vilkåra for å bli TT-brukar.
Du kan lese meir om TT på fylkeskommunen sine nettsider her
Korleis du søkjer
Om du har sterke og varige funksjonsnedsettingar som gjer at du ikkje kan bruke det vanlege kollektivtilbodet, kan du søke om TT. Dette gjer du til kommunen du bur i.
Når du søkjer, må du fylle ut søknadsskjema og leggje ved legeerklæring.
Søknadsskjema for TT-kort (PDF, 427 kB)
Søknaden må sendast inn på sikker måte. Dette kan du gjere enten digitalt med e-dialog frå kommunens nettsider eller med papirpost. Du må ikke sende søknaden inn med e-post.
Sikker innsending med papirpost kan gjerast til denne adressa:
Bykle kommune
Sarvsvegen 14
4754 Bykle