KulturskuletilbodLytt til tekstenStopp avspilling Folkemusikk"Setesdalsfolk" kjem med spennande tilbod til hausten i samarbeid med kulturskulane. Den immaterielle kulturtradisjon frå Setesdal fekk UNESCO status i 2019. Nå skal det gjerast ein innsats for å få fleire utøvarar i dalen til å ta del i den viktige kulturarven. Er du interessert i å lære fele, munnharpe, kveding (song) eller tradisjonsdans. For påmelding eller spørsmål, kontakt: helga.jacobsen@bykle.kommune.no / Søknadsskjema Folkemusikkundervisning 2024BandSpelar du eit instrument eller syng, og ynskjer å vere i band, melder du di interesse til kulturskulen. Bykle kulturskule har tilbod om undervisning, og bandlokaler i kjellaren på Hovden grendehus og bandbinge i Bykle, som også kan nyttast til eiga øving. Avtale for bruk av bandrom. KorpsFrå 4. trinn. Nye medlemmer blir tatt opp kvar haust. Bykle musikkorps eig instrument og uniformer. Bykle kulturskule held dirigent. Medlemmene øver i bygda dei bur. Vi anbefaler sterkt at alle nye medlemmer går igjennom minimum 2 år med individuell opplæring ved sida av korpsmedlemskap. Dette er nødvendig for å få basiskunnskap. Desse timane erstattar ikkje behovet for eiga øving. Individuell undervisningSlagverk, Gitar, bass, piano, song. Ta kontakt for informasjon.Tilrettelagt undervisningIndividuell tilrettelagt undervisning for barn og unge med ulike behov. Ta kontakt for informasjon. BarnekorSoknerådet har to kor: Fjellgardane barnekor for dei som bur på Hovden og Bykle barnekor for dei som bur i Bykle. Dei to kora opptrer mykje saman i løpet av året både i kyrkja og i regi av kulturskulen. Dei får vere med på kosekveldar og tur saman også. Kora blir drive av Soknerådet, men har dirigent frå kulturskulen. Bykle SonglagEit tilbod til vaksne for å oppleve songglede og utvikle songferdigheit i godt lag. Koret deltar aktivt i kulturlivet. Kontakt: Pavlina Sikjova tlf. 95 15 49 89 Noen av våre faste arrangement elevene i kulturskulen kan delta på:HaustJulekick-offJulekonsert i Bykle kyrkjeJulekonsert på HeimenAdventsfestBygdekveldVårUKM samarbeid mellom Valle og Bykle. Les meir her.17.maiKulturskulens sommarkonsert Publisert 09.08.2023 15:35 Sist endra 01.10.2026 15:20