Dispensasjon frå plan eller forskrifter

Kva er ein dispensasjon?

Dispensasjon inneber at føresegner som er gjevne i eller med heimel i plan- og bygningslova, blir fråvikne i ei konkret sak. Føresegna om dispensasjon er såleis ei snever unntaksføresegn. Dispensasjon kan vere mellombels eller varig.

Heimel for dispensasjon

Plan- og bygningslova av 27.06.2008 heimlar dispensasjon i kapittel 19. Føresegna tok til å gjelde 01.07.2009.

Dispensasjon krev grunngjeven søknad

  • Søknaden må nabovarslast særskilt, med mindre dispensasjonssøknaden blir fremja samstundes med byggjesøknad (etter kapittel 20), eller det er openbert at interessene til naboen ikkje blir rørte.
  • Regionale og statlege styresmakter som får saksområdet sitt direkte råka, skal få høve til å uttale seg, mellom anna i søknader som gjeld forbodssoner langs sjø og vassdrag.

Kva kan det dispenserast frå?

Det kan dispenserast frå «føresegner fastsette i eller i medhald av» plan- og bygningslova, det vil seie:

  • føresegner i lova, men ikkje saksbehandlingsreglar
  • arealdelen i kommuneplanen med føresegner
  • kommunedelplanar med føresegner
  • statlege planar med føresegner
  • regionale planar med føresegner
  • reguleringsplanar med føresegner, inkludert områdeplanar og detaljplanar
  • bebyggelsesplanar med føresegner
  • forskrifter og vedtekter gjevne med heimel i plan- og bygningslova

 

Døme på dispensasjonar frå føresegner i plan- og bygningslova § 29-4

  • byggje nærare enn 4 meter frå nabogrensa
  • byggje høgare enn 8- og 9-metersregelen
  • fråvike krava i teknisk forskrift (jf. § 31-2, som ikkje krev dispensasjon)

 

Døme på dispensasjonar frå plan

  • overskride tillaten grad av utnytting i kommuneplan/reguleringsplan (til dømes høgare utnytting enn %-BYA = 20 %)
  • fråvike regulert utforming av bygning i regulerings- eller bebyggelsesplan
  • fråvike plankravet fastsett i § 3 i føresegnene til arealdelen
  • byggje utanfor regulerte byggjelinjer eller byggjegrenser

 

Kva kan det ikkje dispenserast frå?

Det kan ikkje dispenserast frå saksbehandlingsreglar, som krav om dispensasjonssøknad og bortfall av løyve. Kommunen bør ikkje gje dispensasjon dersom statlege eller regionale styresmakter har uttalt seg negativt.

To vilkår for å gje dispensasjon (jf. § 19-2)

  1. Omsyna bak føresegna det blir søkt dispensasjon frå, eller omsyna bak føremålsføresegna i lova, må ikkje bli vesentleg sette til side.
  2. Fordelane ved å gje dispensasjon må vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering.

Begge vilkåra må vere oppfylte, og det skal gjerast ei konkret vurdering av tiltaket og dei tilhøva som blir førte fram i dispensasjonssøknaden.

Ved dispensasjon frå lov eller forskrifter skal det leggjast særleg vekt på konsekvensar for helse, miljø, tryggleik og tilgjenge.

Ved dispensasjon frå planar skal det leggjast særleg vekt på statlege og regionale rammer og mål.

Kommunen bør ikkje dispensere frå planar, lovføresegner om planar og forbodet i § 1-8 (forbodssoner langs sjø og vassdrag) når ei direkte råka statleg eller regional styresmakt har uttalt seg negativt til dispensasjonssøknaden (jf. § 19-2 fjerde ledd).

Høve til å setje vilkår for dispensasjon

Dispensasjon kan givast på vilkår, jf. plan- og bygningslova § 19-2 første ledd. Slike vilkår må ha som føremål å førebyggje, reparere, dempe eller kompensere for negative følgjer av at regelverket eller planen blir fråviken.

Krav til søknaden (jf. § 19-1)

Søknad om dispensasjon skal gjere greie for kva forhold søkjar/tiltakshavar meiner er grunnar til å fråvike den aktuelle føresegna i plan- og bygningslova, planen, forskrifta eller vedtekta. Det bør òg gjerast klart i kva grad omsyna bak føresegna blir sette til side.

Søknaden skal:

  • utformast i eige brev
  • nabovarslast
  • sendast inn saman med søknaden om løyve etter kapittel 20

Det må leggjast ved situasjonsplan og teikningar/skisser som knyter dispensasjonssøknaden til det konkrete tiltaket.

Unntaksvis kan det vere føremålstenleg å sende inn ein førehands­søknad om dispensasjon, til dømes for å avklare endra bruk i strid med gjeldande arealføremål (bruksendring).

Som hovudregel kan det berre dispenserast til eit konkret omsøkt eller meldt byggjetiltak.

Behandlinga i kommunen

Kommunen har mynde til å dispensere frå føresegner i lova, forskrifter og planar som er gjevne med heimel i lova. Skjønsvurderinga skal byggje på ei konkret vurdering av vilkåra for å gje dispensasjon (jf. § 19-2 andre ledd).

Det skal ikkje vere kurant å fråvike gjeldande planar som gjeld konkrete forhold og som er komne til gjennom ein omfattande vedtaksprosess, og som er vedtekne av kommunen sitt øvste folkevalde organ (kommunestyret). Dispensasjonar må heller ikkje undergrave planane som informasjons- og avgjerdsgrunnlag.

Endringar av vesentleg betydning i planar bør ikkje skje gjennom dispensasjon, men behandlast som planendringar.

Avvik frå plan blir i hovudsak politisk behandla av planutvalet. Avvika/endringane må ikkje vere større enn det som elles kan behandlast som endring av reguleringsplan etter § 12-14 i lova.

Saksbehandlingstid

Dispensasjonssøknader skal behandlast innan 12 veker. Saksbehandlingstida blir stansa medan søknaden er mangelfull eller det blir venta på uttale frå regionale og statlege styresmakter.

Kommunen si samordningsplikt med andre styresmakter (jf. § 21-5)

Søknad om dispensasjon skal sendast vidare til andre styresmakter som skal ta avgjerd etter anna lovverk, eller leggjast fram for aktuelle styresmakter til uttale dersom avgjerd eller uttale ikkje er innhenta på førehand.

«Annan styresmakt» er uttømmande lista opp i byggjesaksforskrifta (SAK10) § 6-2.

Regionale og statlege styresmakter som får saksområdet sitt direkte råka, skal få høve til å uttale seg før det blir gjeve dispensasjon frå planar, plankrav og forbodet i § 1-8 (forbodssoner langs sjø og vassdrag), jf. § 19-1 i lova.

Når tiltaket er avhengig av løyve eller samtykke frå annan styresmakt, kan søknaden setjast på vent til avgjerd ligg føre, eller kommunen kan gje rammeløyve med atterhald om at forholdet til den andre styresmakta må vere avklart før igangsetjingsløyve blir gjeve.

Dersom annan styresmakt ikkje har gjeve uttale innan fire veker, kan kommunen avgjere søknaden, jf. § 21-5 siste ledd.

Kor lenge gjeld ein dispensasjon?

Ein dispensasjon kan vere varig eller mellombels. Han gjeld alltid det konkrete tiltaket som løyvet omfattar.

Dersom tiltaket som er avhengig av dispensasjonen ikkje er sett i gang seinast tre år etter at løyvet vart gjeve, fell både løyvet og dispensasjonen bort, jf. § 21-9.

Det same gjeld dersom tiltaket blir stansa i meir enn to år.

Ved brann, samanrasing, forfall eller liknande omstende vil eventuell gjenoppføring vere avhengig av ny dispensasjon. Då blir det gjort ei ny og sjølvstendig vurdering ut frå gjeldande reglar og plansituasjonen.

Mellombels dispensasjon

Mellombels dispensasjon kan givast for ei fastsett tid eller på ubestemt tid fram til kommunen pålegg at ho skal opphøyre, jf. § 19-3.

Tiltakshavar må då, utan kostnad for kommunen:

  • fjerne det som er utført,
  • avslutte den mellombels tillatne bruken,
  • eller oppfylle dei krava det er gjeve utsetjing med.

Om nødvendig må tidlegare tilstand gjenopprettast. Kommunen kan krevje at erklæring om dette blir tinglyst på eigedomen.

Unntak frå tekniske krav etter § 31-2 fjerde ledd er ikkje dispensasjon

Kommunen kan gje løyve, eventuelt med vilkår, til bruksendring, nødvendig ombygging og rehabilitering av eksisterande byggverk utan dispensasjon:

  • når det ikkje er mogleg å tilpasse bygget til tekniske krav utan urimeleg store kostnader
  • dersom bruksendringa eller ombygginga er forsvarleg og nødvendig for å sikre tenleg bruk