BRG skal byggje nye Hovden badeland

Med eit totalbusjett på 142 mill. eks mva skal no BRG Entreprenør i gang med arbeidet på det som blir nye Hovden badeland.

– Me satsar på at alt er ferdig til hausten 2025, med opning i tredje kvartal, seier dagleg leiar Torvald Gautland.

I nye Hovden badeland blir det 25 meter symjehall med stup på ein, tre og fem meter, ei flott velværeavdeling med ulike badstoger, kaldkulp, boblebad og alt det ein kan tenke seg som må med i eit moderne anlegg. 

– Frå velværeavdelinga kan ein symje ut i akvedukten, det vil seie bassenget som strekker seg over skiløypa og går ned mot Otra. Der skal det på plass ei flott badstoge få meter frå vasskanten, seier Gautland.

Prosjektet er tekna av det danske arkitektkontoret ALL. Også nye Hovden badeland skal få vassboren energi, anlegget blir utvida med energibrønnar og luft til vatn-varmepumper. På det eksisterande badeland blir det også installert solcelleanlegg.

– Stor attraksjon

– Hovden badeland var ein stor attraksjon då det var nytt for 33 år sidan. Eg er overtydd om at nye Hovden badeland blir ein minst like stor attraksjon. Dette blir eit godt prosjekt for fastbuande og hyttebyklarar, skuleelevar og alle elles, meiner Torvald Gautland.

– Samspelentreprisen har vore gunstig i dette prosjektet. Samarbeidet har fungert godt, all honnør til alle involverte, seier styremedlem i Bykle og Hovden Vekst-selskapa, Eivind Buckner.

– Med dette prosjektet har me på plass eit viktig moment i oppdraget vårt “å drive aktiv og forretningsmessig næringsverksemd i Bykle kommune og å fremje Bykle og Hovden som turist- og reiselivsmål”. Stor takk til alle involverte, ikkje minst Bykle kommune som har bidratt til ein konstruktiv og effektiv prosess, seier styreleiar i Bykle og Hovden Vekst-selskapa, Arve Andersson.