Helseeininga i Bykle og Valle rusta for påskefolket
Kommuneoverlege i Bykle og Valle, Kjetil Juva, slår fast at helseberedskapen i påska er på topp.
– Bare på Hovden kan det vere over 20.000 menneske i høgtida. Me er klare, seier han.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 26.03.2024 13:20
Sist endra 26.03.2024 13:20
Kommuneoverlege i Bykle og Valle, Kjetil Juva.Det er spesielt dei raude dagane i påska at beredskapen blir dimensjonert opp basert på erfaringar og data frå tenestene. I samarbeid med Raudekrossen og skipatruljene i skisentra i Bykle og Valle står apparatet klart.
– I bakhand har me også fjellredningsgruppene i dei to kommunane, brannvesenet og luftambulansen, seier Juva.
Han kyter av samarbeidet med dei andre aktørane.
– Samarbeidet avgjerande
– Kabalen er lagt, og me arbeider ut frå rutinar me ser fungerer. Frå skjærtorsdag av har me også ekstra kapasitet med tanke på ambulansepersonjell og transport, seier kommuneoverlegen.
Han strekar under at det er alle aktørar saman som får systemet til å fungere.
– Alpinsentra og skipatruljene har svært mykje kompetanse, bygt opp gjennom fleire år. Det same med Raudekrossen og ambulansetenesta. Så må ein håpe det blir lite bruk for beredskapen. I bakkane veit ein at det kan skje uhell, og folk kan sjølvsagt bli sjuke. Så håpar eg at folk flest vurderer si eiga helsetilstand. Er ein sjuk, er kanskje ikkje ein tur på hytta det luraste, seier Kjetil Juva.