Klovnen Koko vitja Hovden grendehus
Det vart lått og moro med Klovnen Koko og Teater Avvik i Hovden grendehus nyleg!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 22.03.2024 12:17
Sist endra 22.03.2024 12:17
Klovnen Koko i full sving i Hovden grendehus!Det var kultur og fritid i Bykle kommune som skipa til arrangementet der både skular og barnehagar fekk med seg klovneshowet. Med kring 45 born og unge, og dessutan ein heil del vaksne, stod stemninga i taket då klovnen kom opp med eine sprellet etter det andre!