Språkkafé i Bykle 23. april

Det er klart for ein ny runde med språkkafé Bykle samfunnshus tysdag 23. april klokka 18.

Det er språkkafé i Bykle samfunnshus tysdag 23. april klokka 18. - Klikk for stort bileteDet er språkkafé i Bykle samfunnshus tysdag 23. april klokka 18. Ole Birger Lien

Språkkaféen er meint som ein møtestad mellom bygdefolk og innflyttarar, og handlar om så mykje meir enn språk. Jovisst får dei som er der og treng det, trene seg i norsk. Vel så viktig er likevel den sosiale dimensjonen. Ein triveleg og god stad å møtast, enkelt og greitt - alt i regi av Bykle frivilligsentral, og med engasjerte deltakarar som byr på seg sjølv!

Vil du bli språkvert?

Merete T. Egeland i Bykle frivilligsentral er stadig ute etter nye språkvertar. Kan du tenke deg å gjere ein innsats? Då bør du sende ein e-post med nokre ord til henne. Du kan sende e-posten HIT