Dei største brukarane er Bykle barne- og ungdomsskule, Bykle idrettslag, Bykle kulturskule, SFO, Bykle barnehage og andre frivillige lag. Næringslivet er også ein viktig aktør, i samband med arrangement og selskap når dei treng ekstra plass. I tillegg er det ei stor gruppe privatpersonar som brukar treningsfasilitetar og øvrige tilbod på samfunnshuset.​

  • Under finn du ei oversikt med presentasjon av ulike rom i Bykle samfunnshus.
  • Her ligg også ei oversikt over kva som er tilgjengeleg av utstyr når det gjeld AV, lyd og lys på grendehusa våre i Bykle og på Hovden.

ORDINÆRE OPNINGSTIDER:                  (Opningstider i skuleferiar/høgtider 2018-2019 - klikk her)                                        

Måndag til onsdag 14.00 - 19.00
Torsdag 15:00 - 17:00
Fredag Stengt

Skulebibliotek, kulturskule, skule og SFO brukar samfunnshuset på dagtid.