Denne veka er det Fosterheimsveka 2024

Frå 22.- 28. april, det vil seie denne veka, er det Fosterheimsveka 2024 landet rundt. Målet for markeringa er å rekruttere fleire både som fosterforeldre, støttefamiliar og besøksheimar.

22.- 28. april er den nasjonale fosterheimsveka. - Klikk for stort bilete22.- 28. april er den nasjonale fosterheimsveka.

Og behovet er enormt. Leiar i Setesdal barnevern, Hedda Helene Schaanning, streker under at det også i Setesdal er eit udekka behov.

– Me håpar jo at fosterheimsveka skal bli ein liten vekkar for folk som kanskje kan gjere ein innsats, men som ikkje har tenkt på det før. Behovet er stort, og me er ute etter ulike familiar og einskildpersonar som ynskjer å gjere en skilnad for born og unge og som kan gje god omsorg og kjærleik, seier ho.

Krafttak

Alle born har rett på ein trygg barndom prega av omsorg. Så er det diverre ikkje alle born som har det slik. Forsterheimsveka er difor eit krafttak for å rekruttere fleire fosterheimar.

– Akkurat som born er ulike, treng me også ulike variantar av fosterheimar. Mange som blir fosterheim har tenkt på det i mange år, andre går meir rett på. I løpet av fosterheimsveka blir det skipa til ulike arrangement og møter, også digitalt, som kan vere til hjelp for dei som vurderer å gjere ein innsats, seier Schaanning.

Helst i nærmiljøet

Når eit born treng ein ny stad å bu, er det i nærmiljøet ein først leiter. Poenget er at jo mindre oppbrot ei omplassering fører med seg, jo betre er det.

– Å måtte flytte kan jo vere dramatisk nok i seg sjølv. Skal ein i tillegg flytte bort frå skule, vener, fotballag og anna, blir det ei stor ekstrabelastning. Tryggleik og stabilitet er avgjerande. Difor håpar me no at mange som vil vite meir om å vere fosterheim, støttefamilie eller besøksheim tar kontakt, seier Hedda Helene Schaanning i Setesdal barnevern.

Les meir om fosterheimsveka HER

HER kan du sjå dei ulike arrangementa under fosterheimsveka

Har du spørsmål til leiaren i Setesdal barnevern? Då kan du sende ein e-post HIT