Mogelegheitsstudien omfattar elvestrengen med tilhøyrande areal inntil 1 km frå elvebreidda, og er delt opp i fire geografiske delområde: Evje og Hornnes, Vennesla/Iveland, Kristiansand og Bygland/Valle/Bykle.

Vi ønskjer å få ei oversikt både over eksisterande tilretteleggingar, og mogelegheiter for å leggje endå meir til rette for friluftsliv langs Otra i framtida. Aktuelle tema er fiske, sykkel, kulturminne, bading, turløyper, sosiale møteplassar, kano/kajakk/båt, merking og skilting, landskaps- og verneområde med meir. Er du grunneigar, brukar av elvestrengen, lag/foreining – idrettslag, velforeining, historielag eller anna - eller næringsdrivande som har interesser knytt til elva, så vil vi gjerne at du kjem på workshopen.

Workshop for Bygland, Valle og Bykle går føre seg torsdag 23.mai kl. 18.00 på Sølvgarden hotell og feriesenter på Rysstad.

Ønskjer du å delta eller har innspel å kome med, så kontakt Midt-Agder friluftsråd:

Janne Johnsen, tlf. 975 21 449, mailto:janne@midt-agderfriluft.no    eller

Tom Egerhei, tlf 905 57 120, mailto:tegerhei@midt-agderfriluft.no