Vinteren er her og dei dyktige løypekøyrarane Sverre Bjørn Lidtveit, Grete Breivik, Jan Mielke og Tor Hoslemo, står for den daglege prepareringa og ettersynet av løypenettet.

I dag ynskjer og forventar vi dagleg oppkøyring av løypene, ein oppdatert maskinpark, tydeleg skilting og gode løypekart. Eit variert løypenett på ein destinasjon som Hovden, må passe både for unge og gamle, for tur og trening, og for amatørar og spesialistar.

Det er om lag 180 km med skiløyper i Bykle kommune. Hovden Løypekøyring har eit budsjett på i overkant av 3 millionar kroner for oppkøyring og vedlikehald av traseane. Bykle kommune tek hovudtyngda av kostnaden, men vi har og eit solid spleiselag med hytteeigarar og fastbuande. Sist sesong fekk vi inn frivillige løypebidrag på i overkant av 1.100.000 kr. Løypebidraget har auka år for år og vi takker alle dykk som har bidrege.

Løypa inn til Sloaros vil også i år bli oppkøyrt frå og med vinterferien til og med andre påskedag.

Nytt for i år er oppstart av prosjektet Adaptiv løypeforvaltning som skal gå over ein prøveperiode på tre år. Prosjektet nytter kunnskap om folk og villreinen sin bruk av heiane. Målet er å legge til rette for utvikling av løypenettet i Bykle kommune, utan at det medfører auka belastning på villreinen. Gjennom dette prosjektet er det førebels tre nye trasear frå og med denne sesongen.
Nærare informasjon om kva for trasear, når dei opnar og retningsliner for oppkøyring av løypene vil bli lagt ut på bykle.kommune.no og på hovden.com
Vi oppmodar dykk alle om støtte i form av eit frivillig løypebidrag. For sesongen 2019/20 ber vi om 700 kr. pr. eining / hytte / leilegheit / hus. Bykle kommune auka for 2019 bidraget sitt med 200.000 kr.

Betal til kontonr. 3000.37.70970, eller Vipps til 78203.

Bykle kommune og Hovden Løypekøyring takkar på førehand for brei og god oppslutnad kring årets løypebidrag.

God skitur!

Jon Rolf Næss                                                                                                                    Micke Pålsson

Ordførar, Bykle kommune                                                                                              Hovden Løypekøyring