100-åring fekk både ordførar og varaordførar på besøk!Lytt til tekstenStopp avspillingSist laurdag runda Knut Hagen Nesland i Bykle 100 år, og slikt må sjølvsagt markerast! I løpet av helga fekk han telegram frå Kongen, og både ordførar og varaordførar i Bykle kom på besøk! Publisert av Ole Birger Lien Publisert 29.04.2024 11:00 Sist endra 29.04.2024 11:00 På sjølve 100-årsdagen kom varaordførar Merethe Hjemdahl med telegram frå Kongen og ein stor rosebukett til jubilanten Knut Hagen Nesland.Jubilanten, som i dag bur på Bykle bygdeheim, fekk ein tjuvstart på feiringa sist fredag i form av ordførar Hans Blattmann, som ville helse på den oppegåande 100-åringen.– Ei vitjing det var sers moro å kunne få til, sa Blattmann.Oppvaksen i kyrkjebygdaKnut Hagen Nesland er oppvaksen i Bykle kyrkjebygd. Han har jobba innan bygg og anlegg gjennom tida, mellom anna for store entreprenørfirma som Furuholmen og Betongbygg. Han har vore involvert i fleire kraftutbyggingar her i regionen. Telegram frå KongenSå var det sist laurdag at den store dagen kom. Då troppa varaordførar i Bykle Merethe Hjemdahl opp. Med seg hadde ho telegram frå Kongen og ein stor bukett roser. Jubilanten sjølv meinte kan hende ikkje dagen var viktig nok til å lage så mykje oppstuss av - men jodå, ein hundreårsdag skal markerast på skikkeleg vis!Ordførar Hans Blattmann med 100-åringen Knut Hagen Nesland.