Bykle kommune
Midlane er søkte av fritidsklubben, ved fagleiar for ungdom og kultur Ida Olsen‑Sund Wintermark, og kjem som eit viktig eksternt bidrag til ungdomsarbeidet i kommunen.
– Dette er midlar som kjem utanfrå kommunen, men som er målretta søkte fordi vi ser kva for betydning sommarjobb har for ungdom, seier Wintermark.
Reell arbeidserfaring
Støtta gjer det mogleg å gi ungdom reell arbeidserfaring, ansvar og tilhøyrsle i eit trygt og inkluderande miljø. Sommarjobbane på Hegni gir ungdom struktur i kvardagen, praktiske ferdigheiter og erfaring med å vere ein del av eit arbeidsfellesskap. Forsking viser at ungdom som får tidleg erfaring med arbeid og sosial tilknyting, i større grad opplever meistring, utviklar sjølvtillit og styrkjer tilhøyrsla si både til lokalmiljø og arbeidsliv.
– For oss handlar dette ikkje berre om å tilby ein jobb, men om å skape arenaer der ungdom lukkast saman med andre. Når ungdom får bidra, bli sett og meistre oppgåver i fellesskap, legg vi eit viktig grunnlag for vidare deltaking i utdanning, arbeid og samfunn. Dette er eit godt døme på korleis eksterne midlar, søkte lokalt og fagleg forankra i arbeidet til fritidsklubben, kan gi stor verdi både for ungdom og for kommunen som heilskap, seier Wintermark.
Den totale støtta er på 261.688 kr.
Gjensidigestiftelsen har gjeve midlar til sommarjobb på Hegni for ungdom! Her frå i fjor. Framme frå venstre: Vidar Mortensen (Brynjeprosjektet) og Ida Olsen-Sund (Fagleder Ung kultur). Bak frå venstre: Tora Haugsgjerd, Jonas Egeland, Grunde Mundal, Helga Jacobsen (leiar kultur) og Stine Gulowsen(daglig leder Bykle frivilligsentral).
Bykle kommune