87 i Bykle kommune fekk sletta del av studielånet sitt

Den mykje omtalte gjeldssletteordninga i Lånekassen for folk med studielån i utvalde kommunar i Noreg, vart opna i januar i år. I 189 utvalde “mindre sentrale” kommunar kunne yrkesaktive med studielån få sletta 25.000 kr. i året av studielånet sitt - i tre år. I Bykle søkte 94 personar om slik gjeldssletting.

Pixabay

Bakgrunnen for ordninga var at styresmaktene ville leggje til rette for at folk med utdanning buset seg i distrikta. Tiltaket gjeld alle typer utdanningsgjeld - men ein må ha vore busett i ein utvald kommune i minst 12 månader. Kommunane er delt inn i ulike klassar - og klasse 5 og 6 kvalifiserer for gjeldssletting. Bykle kommune er i klasse 6.

2,13 mill. kr.

Av dei 94 personane i Bykle kommune som søkte om gjeldssletting, fekk 87 ja. Det vart samla ei nedskriving av studielån på 2,13 mill. kr. Ordninga går vidare med ny runde i januar neste år.