Alle legekontor i Bykle og Valle opne att som vanleg frå måndag 6. maiLytt til tekstenStopp avspillingDet er no tilsett ein vikar i helsetenesta i Bykle og Valle, og kabalen som har vore noko krevjande den siste tida lar seg løyse. Det betyr at frå måndag 6. mai er det vanlege opningstider ved legekontora i Bykle, på Hovden og i Valle. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 03.05.2024 10:16 Sist endra 03.05.2024 10:16 Legekontoret på Hovden opnar att måndag 6. mai. Ole Birger Lien Kommuneoverlege og fungerande helsesjef i Bykle og Valle, Kjetil Juva, gler seg over at det så raskt vart funne ei løysing.– Det har fungert med drift frå legekontoret i Bykle, men me vil jo helst ha så ordinær drift som råd. Det får me altså att frå måndag, seier han.Det betyr ope kvar veke ved legekontora i Valle og på Hovden, og dessutan ope kvar onsdag ved Bykle legekontor.HER er heimesida til helsetenesta i Bykle og ValleTelefon legevakt: 116117Kommuneoverlege og fungerande helsesjef i Bykle og Valle, Kjetil Juva, gler seg over at det frå måndag 6. mai er ordinær drift ved legekontora i dei to kommunane.