Alle som får vatn frå Hovden vassverk må koke drikkevatnet!
Alle som er tilknytta Hovden vassverk, det vil seie abonnentar frå Hoslemotoppen til Hovden fjellstoge, må koke vatn som skal drikkast.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 22.07.2026 20:07
Sist endra 22.07.2026 20:07
Kundar tilknytta Hovden vannbehandlingsanlegg må koke drikkevatnet inntil vidare.
Ole Birger Lien
Bykle kommune har no etablert ei reserveløysing for vassproduksjon ved Hovden vannbehandlingsanlegg. Skal ein bruke vatnet som drikke, må ein altså koke det før bruk. Dette vil gjelde til fulle analyseresultat av vatnet på reserveproduksjonen er klare.
Ikkje full kapasitet
Det er ikkje full kapasitet på reserveløysinga, så oppmodinga frå tidlegare i dag om å begrense vassbruken til eit minimum slik at ein ikkje skal gå tom for vatn, gjeld framleis. Kommunen jobbar for fullt med å kome tilbake til normal produksjon, men dette vil ta noko tid.