Alt klart for Bykle kommune sitt påskemøte på Hovden 27. mars

Bykle kommune skipar til det årvisse påskemøtet med hytteforeiningane i Hovden grendehus onsdag 27. mars klokka 9-11.

Onsdag 27. mars er det klart for Bykle kommune sitt årvisse påskemøte med hyttefolket. Her frå eit tidlegare påskemøte. - Klikk for stort bileteOnsdag 27. mars er det klart for Bykle kommune sitt årvisse påskemøte med hyttefolket. Her frå eit tidlegare påskemøte. Ole Birger Lien

År etter år møter foreiningane opp for å få informasjon frå kommunen, kome med sine innspel, og drøfte aktuelle problemstillingar. Alt tyder på at interessa som alltid er stor, difor må ein rekne med at de kan kome opp mot 100 menneske til samlinga.

Mange aktørar med

Mange aktørar er klare til møtet. Frå politiet kjem Dag Hovden. Den norske kyrkja er representert ved sokneprest Toralv Frøysaa Lie, og kommuneoverlege i Bykle og Valle, Kjetil Juva, er med. Han skal greie ut om påskeberedskapen i ein kommune der det dei raude dagane i påska kan vere over 20.000 menneske på Hovden.

Om løypekøyring

Frå Destinasjon Hovden kjem dagleg leiar Unn Hovden. Torvald Gautland i Hovden løypekøyring er klar, og frå Raudekrossen kjem operativ leiar Mats Løhre. Frå Bykle kommune stiller både tenesteleiar Eirik Birkeland og plansjef Signe Sollien Haugå, og ikkje minst ordførar Hans Blattmann, som både ynskjer velkomen og er møteleiar. 

Open post

I slutten av møtet er det som alltid ein open post der alle som har noko på hjarta kan kome til. Då kan ein kome med alt frå spørsmål til synspunkt på aktuelle problemstillingar. 

Vil du ha med deg møtet på Teams? Då kan du klikke HER