Aprilspøken i år vart teken litt for mykje på alvor!
Aprilspøken i kommunane Bykle og Valle i år handla om at ein frå no av skulle la KI overta alt som heiter resepsjon/velkomstsenter i kommunehuset. Det var altså ein spøk, men ein litt for god spøk - mellom anna NRK gjekk fem på og kringkasta nyheiten også etter 1. april.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 29.06.2026 15:21
Sist endra 29.06.2026 15:21
Mette Brottveit Gjerden og dei andre i Bykle rådhus blir ikkje erstatta av KI slik me skreiv 1. april. Aprilsnarren vart kringkasta som ein reell nyheit av NRK også etter 1. april, men det var altså bare ein spøk.
Ole Birger Lien
Så difor må det seiast klårt og tydeleg - KI er på full veg inn både i det offentlege og det private, men det skal framleis vere levande menneske og EKTE intelligens ein treff på når ein vender seg til Bykle kommune!
Slik såg det ut på NRK nett 2. april.