Arbeidet på Hovden torg er i full gang.
Ole Birger Lien
Det første steget er altså i gang. Det skal kome i alt 16 parkeringsplassar og i tillegg to parkeringsplassar for rørslehemma langs kring halve lengda av Hovdetun. Budsjettet for denne delen av utbygginga er 10 mill. kr.
– I tillegg blir det opparbeidd gangbanar- og areal rundt parkeringsplassane, universelt utforma, seier Bjørn Einar Andersen i Bykle kommune.
Parkeringsarealet med omliggjande gangareal skal vere ferdig utbygt innan fellesferien i år.
Parkutbyggjing midt i sentrum
I steg 2 er det området ved sida av parkeringsarealet, altså smakk midt i Hovden sentrum, som skal opparbeidast. Området strekk seg frå parkeringsarealet til Skisentervegen. Her skal det byggjast torgareal - mellom anna ein luftig og open plass der ein kan rome alt frå marknadsboder til anna som krev litt plass. Flaggstonga skal stå her - og opp-ned-kurvstolen.
– Det blir også der me plantar eit permanent joletre. Me skal også lage gangbanar, denne delen av sentrum skal bli eit myldreområde med grøne øyer, sitteplassar og liknande, seier Andersen.
Kva tid arbeidet kjem i gang, og kva budsjett ein snakkar om, er ikkje avklåra enno.
Grøn slette
Steg 3 omfattar ei grøn slette mot Otravegen - storleiken blir kring eitt mål. Her skal det vere plen, og vatn blir eit spennande element. Ein veit at vatn, stilleståande eller rennande, både kan trekke til seg folk og vere eit fint innslag i eit grøntområde. Vasselementet blir del av ei naturleg utsmykning i Hovden sentrum.
– Her er ikkje alt landa, men me ynskjer å lage noko som blir både fint, avslappande og kan hende eit aldri så lite blikkfang. I tillegg blir dagens gangvegar vidareført, seier Andersen.
Steg 4 er området inn mot nordsida av Hovdetun - der det skal kome leikeapparat og aktivitetsområde, alt i trygg avstand frå veg.
– Så ser me for oss å få med Setesdalskrullen eller noko anna som viser kor ein er, som del av utsmykninga av området, kansje i ei steinsetting. Me har ikkje alle detaljar på plass enno, men eg tør påstå at Hovden sentrum blir bygt for framtida no, seier Bjørn Einar Andersen i Bykle kommune.
Han kan ikkje garantere noko sluttdato, då dette er avhengig av mange ulike både administrative og politiske prosessar for kvart enkelt steg, men håpar sjølv at alle fire stega skal vere fullførte i løpet av hausten 2027.
Bjørn Einar Andersen i Bykle kommune kjem ikkje med garantiar, men håpar at Hovden torg-prosjektet skal vere fullført i løpet av hausten 2027.
Eivind Ilje Tveit