Arne Benoni på Bykle bygdeheim 23. september
Onsdag 23. september klokka 11 kjem musikaren Arne Benoni til bygdeheimen i Bykle.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 21.09.2026 12:25
Sist endra 21.09.2026 14:30

Arne Benoni er ein av Noregs mest folkekjære countryartistar. Han har underhalde publikum verda over og hatt stor listesuksess i USA. Sidan debutalbumet i 1982 har han gitt ut rundt 20 album, dei fleste spelte inn i Nashville, countrymusikkens hovudstad. Til saman har albuma seld om lag 400.000 eksemplar. Hausten 2025 kom han dessutan med eit nytt album.
Hitlåtar
«Lofotsheriffen» har hatt hitlåtar på både Billboard- og Cash Box-listene i USA, i tillegg til suksess i fleire andre land. Han har stått på scena i legendariske Grand Ole Opry, vore gjest i amerikansk fjernsyn, turnert over store delar av Europa og delt scene med verdskjende artistar som Lynn Anderson og Dottie West. Arne Benoni vert òg rekna som ein av dei fremste tolkarane av songane til Jim Reeves.(Wikipedia)