Av-og-til-koordinatorar i Bykle og Valle trefte Hovden-russenLytt til tekstenStopp avspillingOrganisasjonen Av-og-til sine koordinatorar i Bykle og Valle trefte russen på Hovden nyleg. Med seg hadde dei både gode råd med tanke på alkohol, og nysteikte vaflar! Publisert av Ole Birger Lien Publisert 02.05.2024 10:23 Sist endra 02.05.2024 10:23 Elisabet Premak er Av-og-til-koordinator.– Me vart veldig godt mottekne av russen. Så kom me med gode råd, målet er jo at dei alle skal ha ein fin og trygg russetid, seier Margrethe Mosdøl.Ho var i sving saman med Elisabet Premak.– Noko av det viktigaste me kunne gje av råd var at dei må passe på kvarandre. Måtehald og fornuft er ein god kombinasjon. Me vitjar gjerne Hovden-russen att! seier Mosdøl.44 organisasjonar bakAv-og-til er ein organisasjon som arbeider for godt alkovett. Spesielt er fokus retta mot born og unge, og kva alkohol kan medføre både direkte og indirekte. Satsingsområda for organisasjonen i perioden 2021-2025 er folkehelse, born og unge, båt- og sjøliv, ungdom og alkohol og idrett. Bak Av-og-til står 44 frivillige organisasjonar, så organisasjonen utgjer utan tvil breidden.HER er lenke til heimesida til Av-og-tilMargrethe Mosdøl er Av-og-til-koordinator.