Barnehagane i Bykle kommune treng ringevikarar!

Barnehagane i Bykle kommune treng ringevikarar, altså folk som kan stille på kort varsel og ta i eit tak når det trengst.

– Fleire av dei framifrå vikarane me har nytta oss av har fått jobb eller byrja å studere, så no må me ha nye engasjerte menneske me kan ringe til, seier tenesteleiar Caroline Rysstad. 

Hastar

Helst skulle ho hatt vikarar på plass “i går”, det hastar altså.

– Det er godt arbeidsmiljø og fint å arbeide i barnehagane, så no håpar eg at interesserte tar kontakt, seier Rysstad.

Dei som kunne tenke seg å vere vikar eller vil vite meir kan kontakte tenesteleiaren på epost caroline.rysstad@bykle.kommune.no eller på 
tlf 934 21 494