Barseltreff på Hovden og i Valle utetter vårenLytt til tekstenStopp avspillingBykle og Valle helsestasjon og skulehelseteneste skipar til sju barseltreff i tida fram mot sommaren. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 15.01.2024 10:56 Sist endra 15.01.2024 10:56 Det er barseltreff ved Hovden helsestasjon 5. februar klokka 10. Ole Birger Lien Det første treffet vart skipa til ved Valle helsestasjon 9. januar. Neste runde er Hovden helsestasjon 5. februar. Alle treff går føre seg i tidsromet 10-12. Siste runde i slutten av maiI februar er det også eit treff ved Valle helsesenter, den 13. februar. Så er det Hovden helsestasjon 18. mars, dagen etter er det ny runde i Valle, Hovden att 22. april med siste barseltreff før sommaren ved Hovden helsestasjon 27. mai.Ulike temaBarseltreff er meint for born og omsorgspersonar som er heime med barnet i det første leveåret. Det er enkel servering, og den ansvarlege helsesjukepleiar legg opp til aktuelle tema for aldersgruppa og årstida. Dei tar gjerne imot innspel på tema. Ingrid Bjønnes når ein på tlf 94813245 og e-post HERMonique Vatsend Jore når ein på e-post HER