Bingokveld til inntekt for TV-aksjonen
Det blir skipa til bingokveld i Hovden grendehus torsdag 15. oktober klokka 18 til inntekt for årets TV-aksjon. Sjølve TV-aksjonen går føre seg sundag 18. oktober.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.10.2026 10:46
Sist endra 05.10.2026 10:46

Det blir sal av kake, kaffi og te, og sjølvsagt premiar i bingoen. Årets TV-aksjon på NRK går til NRC Flyktninghjelpen. Målet er å skaffe nok pengar til å hjelpe 400.000 menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.
Frå nødbustader til reint vatn
Målet er altså å hjelpe menneske som har flykta frå krig og konflikt med å få eit trygt heim og håp for framtida. Pengane frå aksjonen skal mellom anna gå til nødbustader, reparasjon av heimar, tilgang til reint vatn, sanitærtilbod og juridisk hjelp for flyktningar i land som Syria, Gaza, Sudan, Tsjad, Den demokratiske republikken Kongo og Afghanistan.