Biskopen trefte Bykle kommune som del av bispevisitas

Denne veka har det gått føre seg bispevisitas i Valle og Bykle, og som del av rundreisa trefte biskop i Agder og Telemark Stein Reinertsen Bykle kommune i går. Det vart ein triveleg og informativ samankomst der både biskopen og kommunen fekk fram mykje i drøftingane.

Biskop i Agder og Telemark Stein Reinertsen trefte Bykle kommune torsdag. Frå venstre: Toralv Frøysaa Lie, sokneprest i Bykle og Valle, biskop Stein Reinertsen, Bernt Berntsen, nestleiar i Bykle sokneråd, Hans Blattmann, ordførar i Bykle, Ina Kjøstvedt, kyrkjeverge i Bykle, Rune Stormark, prost i Otredal prosti og Thor Bernhard Sagland, Bykle kommune sin politiske representant i Bykle sokneråd. Ole Birger Lien

I løpet av dagane i øvre Setesdal fekk biskopen i tillegg til eit møte med dei to kommunane også treffe representantar for lokalt næringsliv, ulike kulturberarar og ikkje minst born og unge i skulane. Torsdag var det mellom anna Bykle kommune ved ordførar Hans Blattmann som stod på programmet. Ein interessert og lyttande biskop med fylgje fekk informasjon om kommunen.

– Mykje går bra i Bykle kommune, og samanlikna med mange kommunar er me priveligerte. Så skal ein ha i mente at kraftkommunar må kjempe for interessene sine kvar dag, inntektene er skiftande og tar heller ikkje omsyn til prisstigninga. Det er difor ikkje slik at me kan koste på oss alt me vil, men me sikrar mellom anna det sers gode tenestetilbodet i kommunen, og me legg til rette for det aktive friviljuge bygdelivet. Der kjem også kyrkja inn, og me gjer alt me kan for å få til eit godt samarbeid, sa Bykle-ordføraren.

– Merkbar optimisme

Biskop i Agder og Telemark, Stein Reinertsen, streka under at han vart imponert av opplevingane sine i Bykle kommune.

– Eg må seie både i kommunane i øvre Setesdal, i bygdelivet og ikkje minst i kyrkja rår det ein optimisme som er merkbar. Det er ein trend og ei utvikling som gler meg. Det siste eg ynskjer er ei kyrkje som det ikkje blir forventa noko av. Skriv oss inn i planane og rekne med oss! sa han.

Reinertsen peika på at kyrkja og Bykle kommune samarbeider godt.

– Kyrkja har hatt sine utfordringar mellom anna med Covid-perioden og personell, no er stabiliteten mykje betre og me ser stadig fleire aktivitetar der kyrkja står bar eller er med, ikkje minst i Bykle kommune. Så er nok økonomien krevjande, men innsatsviljen står ikkje tilbake for noko. Eg ser også at i Bykle med godt samarbeid mellom kommune og bygdeliv blir det skapt aktivitet og møteplassar, og det er avgjerande i høve arbeidet mot einsemd og utanforskap, sa biskopen.

– Det har vore både triveleg og nyttig med eit møte som dette. Bykle kommune ynskjer å vere ein god samarbeidspartnar for kyrkja, sa ordførar Hans Blattmann, før biskopen og fylgjet hans reiste vidare for å treffe elevar på Fjellgardane skule.