Bli med på seniortrim i Bykle samfunnshus!Lytt til tekstenStopp avspillingMåndagar mellom klokka 11-12 er det full rulle i samfunnshuset i Bykle med seniortrim! Publisert av Ole Birger Lien Publisert 20.03.2024 13:30 Sist endra 20.03.2024 13:30 Det er seniortrim i Bykle samfunnshus måndagar mellom klokka 11-12.I regi av Bykle frivilligsentral gnur deltakarane på - med fokus på god oppvarming i forkant, og øvelsar som skal gje både balanse og styrke. Mottoet er “Ein stødig kropp for eit godt liv”, og det er vel ei rettesnor folk i alle aldrar kan slutte seg til. Etter trimmen er det kaffitreff i biblioteket frå klokka 12-13, med ein enkel lunch.