Borna i Fjellgardane SFO fekk vite meir om kva foreldra arbeider med
Dette året har Fjellgardane SFO hatt særleg fokus på å bli betre kjent med kva foreldra til alle borna arbeider med. Det har resultert i spennande timar og ikkje minst mange lærerike bedriftsbesøk!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.07.2026 15:10
Sist endra 10.07.2026 15:10
Fjellgardane SFO
Borna har vore innom alt frå Monter, HSG, barnehagen og skisenteret til Hovdestøylen og Hovden Fjellbad. Gjennom besøka har borna fått eit verdifullt innblikk i ulike yrke og arbeidsplassar i nærmiljøet. På skigymnaset fekk dei delta i ulike forsøk, noko som vekte stor interesse og engasjement. Dette var både lærerikt og svært spennande, og gav eit innblikk i korleis teori kan bli sett ut i praksis.
Laga eiga måling
Hos Monter fekk gjengen ei grundig omvising, og borna fekk også vere med og lage eiga måling. Særleg populær var maskina som ristar målinga, noko som gjorde stort inntrykk. Dei vitja også Hovdestøylen siste skuledag før jol. Der fekk dei ei omvising på hotellet, fekk sjå rom og prøve ei av dei store sengene. I tillegg fekk dei vere i festlokalet, der det vart vist jolefilm og servert kakao. I barnehagen hadde barna på førehand førebudd spørsmål dei lurte på. Det var kjekt å møte dei yngste barna, og ein fekk eit inntrykk av kvardagen i barnehagen—der det mellom anna blir skifta svært mange bleier i løpet av ein dag.
I førarhuset!
På skisenteret fekk ein lære om korleis heisanlegget blir drifta, og sjå nærare på tråkkemaskina. Borna fekk klatre opp og sitje i førarhuset. Dette var eit høgdepunkt for mange. På Hovden Fjellbad fekk alle ei spennande omvising bak kulissane, mellom anna i områda under bassenga. Her var det store rom fylt med tekniske installasjonar og maskiner, noko som gjorde besøket både lærerikt og fascinerande.
Fjellgardane SFO
Fjellgardane SFO