Bygdekafé i Bykle startar opp igjen i morgon 18. august!
Tilbodet om Bygdekafé i Bykle har vore populært - og framleis samlar alle seg i lokala til vaksenopplæringa ved sida av rådhuset. Det er Brynje-prosjektet i Bykle kommune som står bak satsinga.

I kaféen kan ein både få seg ein matbit og ein kaffiskvett, og ikkje minst ein prat med kjente og ukjente. Bygdekaféen er eit prøveprosjekt, så alt av tilbakemeldingar og innspel er viktig med tanke på at ein etter kvart skal evaluere ordninga. Bygdekaféen er no flytta til tysdagar frå kl 12:00 til 14:00.
Publisert 17.08.2026 10:38
Sist endra 17.08.2026 10:47