Byklarane rausast i Agder i TV-aksjonen
Nok ein gong er det byklarane som har grave djupast i lommene i TV-aksjonen på NRK viss ein ser Agder under eitt. I snitt har kvar einaste fastbuande gjeve 225,98 kr. Snittet per innbyggjar for fylket samla sett er 44,83 kr. Landssnittet er 45,06 kr.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.10.2026 09:31
Sist endra 19.10.2026 09:39
Bøsseberarar klar til innsats på Hovden. Framme Nikoline Olafsen. Bak frå venstre: Vicki Olafsen, Mathilde Sødal og Even Fredriksen.
Stine Gulowsen
Det er samla inn kring 14,5 mill. kr. i Agder, noko som gjev ein 7. plass nasjonalt. I fjor samla TV-aksjonen inn 16,6 mill. kr. i fylket. I Agder ligg altså Bykle på topp, med Sirdal og Åseral på dei to neste plassane. TV-aksjonen totalt sett har fått inn kring 251,3 mill. kr.