Byklarar får låne skiutstyr gratis i vinter

Bykle kommune tilbyr gratis utlån av skiutstyr til alle som er folkeregistrerte i kommunen. Målet er å gjere det lettare for deg å vere aktiv om vinteren, og gi deg høve til å prøve ulikt utstyr gjennom vintersesongen 2026/27.

Slik gjer du det: 

Helga Jacobsen

1. Hent eit utstyrskort i biblioteket. Du kan hente utstyrskort på biblioteket i Bykle og på Hovden. Kortet blir registrert i biblioteksystemet, på same måte som når du låner ei bok. Hugs at du må hente kortet i biblioteket si opningstid i Bykle og på Hovden.  

2. Vis frem kortet på alpinsenteret. Når du skal låne utstyr, viser du fram det fysiske utstyrskortet i skiutleiga på alpinsenteret. Kortet fungerer som ditt bevis på at du har rett til gratis utlån. Kvar person må ha sitt eige kort.

3.  Lever tilbake utstyrskortet. Lever kortet tilbake dagen etter at låneperioden (2 dagar) er over, slik at andre og kan bruke tilbodet. Du kan levere kortet på biblioteket eller i postkassa utanfor biblioteket. 

Kven kan låne? 

Alle med folkeregistrert adresse i Bykle kommune frå 6 år. Barn frå 8. trinn kan hente ut utstyrskort utan føresett. Utstyrskortet kan berre brukast til privat bruk, ikkje til kommersielle føremål.

Kor lenge: 

Du kan låne utstyr i inntil 2 dagar per utlån.

Kva kan du låne: 

Alpinski, snowboard, langrennsutstyr, skisko, stavar og hjelmar. Du kan låne eitt sett utstyr per utstyrskort.

Ansvar: 

Du er ansvarleg for utstyret medan du låner det. Du må sjølv dekkje kostnader dersom utstyret blir skadd eller mist. 

Tilbodet er heilt gratis.