Ole Birger Lien
Kommunebarometeret viser store variasjonar mellom dei ulike tenesteområda i Bykle. Den aller sterkaste plasseringa finn vi innan økonomi, der Bykle går heilt til topps med 1. plass i landet. Også kulturområdet kjem svært godt ut. Bykle er rangert som nummer 2 i landet på kultur. Nabokommunen Valle toppar denne kategorien, noko som betyr at Valle og Bykle tek dei to øvste plassane i heile landet på kultur. Eit anna område der Bykle utmerkar seg, er barnehage. Her er kommunen heilt oppe på 3. plass av 357 kommunar.
Sterke resultat på fleire område
Bykle gjer det også svært godt innan helse, med ein 19. plass. På saksbehandling er kommunen nummer 43, medan klima og natur gir ein 66. plass. Også vatn og avløp, med 93. plass, og grunnskule, med 114. plass, plasserer Bykle godt innanfor den øvste halvdelen av kommunane. Samla kjem Bykle på 164. plass av 357 kommunar. Som for andre kommunar varierer resultata mellom dei ulike sektorane. Tala viser likevel at Bykle hevdar seg heilt i landstoppen på fleire område.
Samanliknar alle kommunane
Kommunebarometeret er ei årleg rangering av norske kommunar, utarbeidd av Kommunal Rapport. Rangeringa byggjer på offentleg tilgjengelege data frå offisielle kjelder. I 2026-utgåva blir kommunane samanlikna gjennom 157 nøkkeltal fordelte på 12 sektorar. Tala er i hovudsak resultat frå 2025 og er mellom anna henta frå Statistisk sentralbyrå sin Kostra-database og ulike direktorat. Dei ulike sektorane tel ulikt i den samla rangeringa. Grunnskule og pleie og omsorg veg tyngst, medan mellom anna barnehage, økonomi, helse, sosialteneste, kultur og klima og natur inngår med ulik vekt.
For Bykle er det særleg toppresultata som skil seg ut: Kommunen er best i landet på økonomi, nummer to på kultur, nummer tre på barnehage og nummer 19 på helse.