Bykle kommune delte ut utviklingsstipend
Bykle kommune delte i mai ut utviklingsstipend til tre talentfulle lokale ungdomar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 23.06.2026 12:45
Sist endra 23.06.2026 12:45
Frå venstre Rauls Karlis Bergsons, Celina Enes-Seberg og Aaron Magnus Bibov Blom-Pettersen.
Helga Jacobsen
Celina Enes-Seberg, Rauls Karlis Bergsons og Aaron Magnus Bibov Blom-Pettersen fekk alle 25.000 kr. kvar for å vidareutvikle talenta sine.I alt hadde kommunen fått inn ni søknader om utviklingsstipend.
Frå ski til musikk
Enes-Seberg blir 16 år i år - og satsar på langrenn. Ho tevlar på høgt internasjonalt nivå i sin aldersklasse, og kan mellom anna vise til 1. plass i UngdomsBirken. Ho har også gjort det godt i Hovudlandsrennet. Bergsons, født i 2009, satsar på freeski, og er med mellom anna i NM og Noregscup. Blom-Pettersen er 16 år, produserer eigen musikk innan Hip Hop og Indie Rock. Han har nådd fylkesmønstringa i UKM, og samarbeider tett med eit internasjonalt musikknettverk.